Innfor høstens kommune valg er flere lag aktive. De nærmer seg de politiske partiene på litt ulik måte, men poenget er at det Senior Norge står for kommer godt frem. Vi gjengir brev fra Senior Norge Hordaland og brev fra Senior Norge Skedsmo.
Brev fra Senior Norge Hordaland til samtlige politiske partier i Hordaland innfor valget høsten 2019
Ein kunnskapsrik, men lite nytta, ressurs i samfunnet ???
Mange tenkjer ikkje over at regjering og storting har tilrettelagt eit samfunn der eldre, på mange områder, blir overkøyrde og diskriminerte. Viktige eldresaker i samfunnet, som organisasjonen Senior Norge og andre senior- og pensjonistorganisasjonar, er opptekne av er m. a. følgjande saker (ikkje i prioritert rekkefølgje):
- «0,75 %-saka». Det årlege lønnsoppgjeret for pensjonistar blir underregulert med 0,75 % i forhold til lønnsoppgjeret for yrkesaktive. Men alle utgifter er like store for pensjonister som for andre. (Det er ikkje pensjonistpris verken på brød og smør eller bensin.). Underreguleringa er djupt urettferdig og stemplar, i tillegg, pensjonistar som ein slags uønska «B-gjeng» i samfunnet – som ikkje har same verdi som andre borgarar / skal ikkje ha same godane eller levestandard som andre. Regjering og storting må syta for at underreguleringa blir fjernast omgåande.
- «10 % -saka». Det er 10 % trekk i grunnpensjonen for gifte eller sambuande pensjo Dette er også ei urettferdig ordning som må fjernast. (Kva om det vart innførd 10 % trekk i løna til gifte eller sambuande politikarar ?)
- Pensjonsalder. Eldre blir, av landet sine styresmakter, oppfordra til å stå lenger i arbeid, og har no rett til og arbeida til 72 år. Mange eldre, som er friske, raske og i god form, ønskjer også det, men blir likevel «sparka ut» av arbeidsgjevar. Ein arbeidsgjevar som har utmerka seg når det gjeld å «sparka ut» eldre arbeidstakarar, er NRK, men det finst mange. Dette «heng ikke på greip»: (1) Folk blir oppfordra til og jobba lenger. (2) Enkelte vil gjerne jobba lenger. (3) Arbeidsgjevar, også statleg, tvingar likevel folk til og slutta. Det er flaut å ha eit slikt samfunn – kvar er logikken? Dette må det ryddast opp i.
- Arbeidstakarar har no rett til å jobba til 72 år. Men aldersgruppa 67 – 70 år får sjukepengar berre 16 dagar frå arbeidsgjevar, men kan få 60 dagar frå NAV. Men det krev ei årsløn på minst 2G. Men arbeidstakarar som har fylt 70 år, har ikkje rett til sjukepengar. Dette er ei urettferdig ordning som heller ikkje «heng på greip». Dette må det ryddast opp i og endrast til ei rettferdig ordning. Alle som er i arbeid i samfunnet skal ha same vilkår – uansett alder.
- Minstepensjon – satsar. Nordmenn skryter og seier dei bur i verdas rikaste og beste land, men alle har nok ikkje den følelsen. Mange minstepensjonistar har ikkje mykje å leva av, mange av dei blir gjerne, tvinga, til å bli glad i havregraut. Mange minstepensjonssatsar i landet (verdas rikaste/beste?) ligg godt under EU si fattigdomsgrense – for få år sidan inntil kr 41 000 under. Slik tek ”verdas rikaste landet” vare på mange av sine tidlegare slitarar.
6) Digitalisering Det er mange pensjonistar (kanskje så mange som ca 500 000?) som enno ikkje er oppdaterte når det gjeld bruk av PC / data. Og dette blir dei økonomisk straffa for av mange verksemder. På faktura frå Telenor står det ”Gebyr for bruk av papirfaktura kr 99” – og Telenor sender ut faktura kvar månad, dvs. årleg gebyr blir kr 1188. Det er mykje pengar for mange pensjonistar, og dette er berre eit tilfelle i kvardagen.
Verksemder og offentlege etatar kan nytta kva betalingssystem dei vil, men eldre menneske skal ikkje straffast med gebyr (bøter) når dei betalar for tenester som dei må ha. Og dette gjeld ikkje berre betalingssystem. PC og bankID er snart inngangsportalen til det meste i samfunnet. Digitaliserings-samfunnet og hundre-tusenvis av borgarar som ikkje er ”digitaloppdaterte” er eit problemet som samfunnet må finna ei løysing på. Eldre skal ikkje bli straffa med bøter for ikkje å ha kunnskap (eller utstyr) til å betala rekningane sine på nett. Dette må styrande organ i samfunnet rydda opp i.
7) Kunnskapsrike eldre manglar. Styrande organ i landet manglar, i stor grad, representantar frå alder 62-63 år og oppover. Ut frå alder, yrkes- og livserfaring, ville, truleg, slike seniorar utgjera den mest erfarne og kunnskapsrike styringsressursen i samfunnet. Men slike samfunnsressursar blir, så godt som, ikkje brukt i samfunnet. Det er ikkje fordi eldre ikkje stiller opp, men fordi dei blir vraka av yngre kollegaer. Eit strålande eksempel er dyktige H-politikar Svein Flåtten, Vestfold, som ønskte å fortsetja på stortinget ein periode til, men vart vraka av sine eigne kollegaer frå ein sikker plass på stortinget, pga. alder 71 år (trivelege kollegaer!) Dette må samfunnet rydda opp i, det kan, m. a. stillast krav til alle politiske parti at kvar tredje representant frå toppen av nominasjonslistene skal vera over 62 år. Saka må følgjast opp av styrande organ.
8) Eldreinstitusjonar – plass. Eldre borgarar må få plass på eldreinstitusjon når det er nødvendig og gjerne einaste fornuftige løysinga. Og dei skal få tilbod om einerom – rommet blir heimen deira, og slett ikkje alle ønskjer å dela heimen sin med eit ukjent menneske. Dette må samfunnet rydda opp i og syta for at det fungerar.
9) Eldreinstitusjonar – aktivitet. Aktivitetstilboda er, diverre, ikkje like gode på alle eldreinstitusjonar. Mange som bur på slike institusjonar har ikkje mykje anna å finna på enn å sitja på ein stol og venta på neste måltid. Ymse aktivitetar kunne ha engasjert mange, det ville ha gjeve dagane ei meining, og ville, for mange, vore veldig positivt med tanke på livsstil, miljø, trivsel, helse, matlyst og gjerne redusert medisinbruk. Aktivisering av eldre på eldreinstitusjonar er viktig og må prioriterast. Her må styrande organ engasjera seg og ta ansvar.
10) Eldreinstitusjonar – eige kjøkken. Samfunnet har no endeleg innsett at storkjøkken og plastpakka mat for ei veke eller meir, ikkje er noko god løysing når det gjeld eldre og eldreinstitusjonar. Måltida er gjerne det einaste positive og det viktigaste som skjer gjennom dagen. Beste løysinga er lokale kjøkken og god heimelaga mat. Og det har vore mange sterke faglege argument frå både mat, helse- og ernæringsekspertar for å få gjennomslag for beste løysinga – heimelaga mat.. Men no framgår det klart frå stortingsmelding nr 15, ”Leve hele livet”, og når det gjeld lokale kjøkken står det følgjande: ”Renovering, etablering eller gjenetablering”. Statsråd Sylvi Listhaug informerte på møte i Skien tysdag 21. mai at frå 1. oktober er det mogeleg å søkja om statleg støtte til lokale kjøkkenprosjekt. Men om kommunar og lokale politikarar er i stand til å gjennomføra ordninga kan vera ei anna sak. Det er gjerne nødvendig at regjering og storting følgjer opp stortingsmelding nr. 15, ”Leve hele livet”.
Som avslutting bør det nemnast at pensjonistar, årleg og gratis, utfører arbeid og tenester i samfunnet til ein verdi av kr 25 milliardar.
Bergen, 060619
Styret Senior Norge Hordaland
Magne Reigstad Karin Bjærum Helge Grotle
Elna Marie Lappegård Odd Himle Wigdis Espeland
Senior Norge Skedsmo har nærmet seg de politiske partiene på en litt annen måte og stiller spørsmål om eldrepolitikk. Svarene vil de dele med sine medlemmer før valget. Vi gjengir også deres brev.
Til: Lillestrøm Kristelig Folkeparti v/Lisbet Gamre Skulstad
Fra: Senior Norge Skedsmo /Anna Marie Vereide
Kommunevalg 2019 – Hvilke tiltak vil Lillestrøm Kristelig Folkeparti prioritere
ved gjennomføring av Meld.St.15 «Leve hele livet», En kvalitetsreform for eldre, i sitt partiprogram for 2019 – 2023?
Senior Norge Skedsmo er et lokallag i Senior Norge og har nå ca 500 medlemmer. Etter sammenslåing med Fet og Sørum kommune i 2020 til Lillestrøm kommune, kommer vi å være samlende for mange flere i aldersgruppen 65 til 100 år.
Senior Norge fremmer seniorenes/pensjonistenes rettigheter og behov.
Organisasjonen er religions-, livssyns- og partipolitisk uavhengig.
Eksempler på våre arbeidsområder:
- Arbeide for livsglede livet ut.
- Hindre omsorgssvikt og overgrep.
- Riktig behandling av eldres medisinske sykdommer og plager.
- Utøve respekt og likeverd ved verdig eldreomsorg.
- Vern mot yrkes- og aldersdiskriminering.
- Fremme respekt for økonomiske rettigheter.
- Være pådriver for tilrettelagte boliger.
- Fremme økt seniordeltakelse i offentlig debatt.
- Gi gode innspill til offentlige myndigheter.
Våre medlemmer er naturlig nok opptatt av den kommunen de bor i, snart Lillestrøm kommune. Forventningene er at det legges tilrette for en «aldersvennlig» kommune som gir mulighet for god kvalitet gjennom hele livet.
I kommunebarometeret for helse og omsorg, utarbeidet 2018, ligger Skedsmo på 257 plass av 426 kommuner. Lillestrøm kommune må vise til et bedre resultat i årene som kommer.
På vegne av styret i Senior Norge Skedsmo og våre ca 500 medlemmer er det ønskelig nå foran kommunevalget 2019 å bli informert om:
Hvilke tiltak vil Lillestrøm Kristelig Folkeparti prioritere ved gjennomføring av Meld.St.15
«Leve hele livet», En kvalitetsreform for eldre, i sitt partiprogram?
Det er ønskelig at svaret blir så konkret som mulig.
Alle medlemmer i Senior Norge Skedsmo vil bli informert om de svarene partiene gir.
Imøtekommer svar innen 7.aug. 2019 (uke 32) Sendes til Anna Marie Vereide,
e-post: anna_marie.vereide@getmail.no. Kan kontaktes på mobil 986 44 771
For Styret i Senior Norge Skedsmo den 24.juni 2019
Anna Marie Vereide
Sign.
Vi oppfordrer våre lokallag og våre medlemmer til å være mest mulig aktive i forkant av valget.