Vi må inn i Eldrerådet!

Mandag 14. september er det kommuneval. Resultatet av valet avgjer kven, og korleis, kommunane/­lokalsamfunna skal styrast dei neste fire åra.

Av Odd Himle, leder Seniorsaken Hordaland

Men Seniorsaken, som organisasjon, skal, sjølvsagt, ikkje blanda seg inn i politikk. Organisasjonen er, som tidlegare, partipolitisk nøytral, og skal vera det. Men der er likevel eit utval i tilknyting til det ”kommunale politiske systemet”, der Seniorsaken sine sunne synspunkt burde ha kome fram, og der organisasjonen sine medlemmar burde ha vore aktivt med. Og dette organet i kommunane gjeld den største medlemsgruppa til Seniorsaken – og det er eit kommunalt rådgivande organ som heiter Eldrerådet.

Kven er representantar i Eldreråda i kommunane i dag? Det ser ut som det, stort sett, er tidlegare politikarar, som, gjerne, meir eller mindre, automatisk blir innvalde. Og dei gjer truleg ein god jobb, men er, som tidlegare politikarar, høgst sannsynleg, ”farga” av sitt parti og sin politikk. Og politisk syn i ”eldresaker” treng ikkje, nødvendigvis, bidra til det beste resultatet.

Tenk om Seniorsaken kunne bli representert i Eldrerådet i flest mogeleg kommunar. Representantar frå organisasjonen, utan politisk farge eller politisk binding, kunne ha vore med på å handsama viktige saker i rådet. Då kunne eldresaker i rådet, gjerne ha fått andre løysingar, kanskje den mest praktiske, og beste løysinga – uavhengig av politisk bakgrunn og politiske program! Samfunnet er i stadig endring, og det skjer mykje på eldrefronten, og endå meir vil nok skje i tida framover.

Hadde det ikkje vore positivt om Seniorsaken sine politisk nøytrale medlemmar hadde vore aktivt med i arbeidet med å finna beste løysing på eldresaker i kommunane? Men skal vi få det til må vi, først, finna Seniorsak-medlemmar i kommunane som både er interesserte, og villige til å bruka litt tid og litt av si solide livserfaring på dette interessante området. (Kandidatar treng ikkje å ha verken universitets- eller høgskule-utdanning, livet sin harde skule gjev mykje kunnskap og kompetanse. Interesse for ”eldresaker” og vilje til å bruka litt tid er gjerne det viktigaste!)