Seniorsaken Bergen inviterer til spennende dagstur 14. mai!

Seniorsaken Bergen inviterer til interessant dagstur – og god lunsj – for alle interesserte 14, mai! Bjørn West-museet, Matre, omvisning og dramatisk historie frå krigen – Brekkestranda Fjordhotell, god lunsj og omvisning !

BJØRN WEST – namnet heng saman med krigen og motstandsstyrkane på Vestlandet. Bjørn West-styrkane var m. a. involvert i store og dramatiske trefningar med tyske styrkar i Stordalen og Matrefjella. Historien og mykje av utstyret Bjørn West-styrkane brukte, er teke vare på av Bjørn West-museet i Matre. Dette er ein utruleg interessant del av krigshistorien 1940 – 1945.

BREKKESTRANDA FJORDHOTEL – er kjent som det ”skeive hotellet”. Vegger og flater i bygget er ”skeive og skakke” – det er eit ganske uvanleg hotell.  Ruth, som driv hotellet, vil visa fram merkelege hus, rom og inventar – du trur det ikkje før du ser det!  Her blir det også lunsj – og Brekkestranda er kjend for god mat.

TYSDAG 14. MAI 2013 – er datoen .  Seniorsaken Bergen / Hordaland skipar til turen med avreise frå Straume, Sotra, 14.05. kl. 08.30 – frå Bystasjonen Bergen, på busstoppet på hjørna utanfor blomsterbutikken kl. 09.00, Åsane Terminal ca. kl. 09.15.  Planen er å vera tilbake i Bergen ca. kl. 1700 – og på Straume kl. 17.30.

PRIS – den dekkjer alle utgifter, men avheng av kor mange som blir med. Med 20 deltakarar blir prisen kr. 670, med 35 deltakarar kr. 550 og med 50 deltakarar kr. 470.

Det bør vera minst 20 deltakarar på turen.  (Pris er rein nettopris – ingen tillegg av Seniorsaken!) 

PÅMELDING – til Odd tel. 97 15 45 00  (oddhim@gmail.com)  eller til  Ingrid tel. 91 36 05 15 / 56 51 51 92  (inkloe@online.no)  eller pr. brev til  Seniorsaken v/Ingrid Kløve, Stegen 7, 5700 Voss.  Påmeldingsfrist – meld deg gjerne på straks, så er det gjort – siste frist er 30. april 2013.

Det blir forhandla med Meterologisk Institutt i Bergen om fint vær, så det kan bli ein fin og interessant dag.  Ta gjerne med deg familie, vener og naboar (både ”gode naboar” – og andre!)

 

Denne turen kjem i staden for det åpne møtet som vi har annonsert tidlegare.

 

Helsing

 

Seniorsaken

Bergen/Hordaland